Til Forsiden
ARGUS
Nettmagasin
Samfunn
Helse
Økologi
Dyrerett
Hamp
Kunnskap
Spirituelt
Forum
Grønn Ungdom


ARGUS
Fritt og uavhengig økologisk-alternativt nettmagasin

Fiskeetikk på dagsordenen
Av Mats Indrefjord Høllesli - 11.01.04

I generasjonar hev me trudd at fisk ikkje kan kjenne smerte. Fisken hev vorte sett på som ein mindreverdig skapnad, og fiskerinæringa hev difor heller ikkje sett noko poeng i å ta etiske omsyn.
Dei siste åra hev teorien om fisken si manglande evne til å kjenne smerte vorte motbevist, og stadig fleire reknar no fisk som like kjenslege vesen som andre dyr. Dette vert grunngjeve i at fisken hev eit like godt utvikla nervesystem som pattedyra. For ei tid tilbake vart det òg utført eit forsøk kor fisk vart utsett for ljosstimuli etterfylgt av eit elektrisk støyt. Etter kvart byrja fisken å flykte på ljossignalet, noko som tyder på at fisk kan lære seg å sjå samanhengar mellom nøytrale hendingar og mogleg smerte. Undersøkingar hev dessutan synt at han kan kjenne frykt, stress og aggresjon.

Sjølv om debatten framleis er i gong, og somme hevdar den nye oppfatninga berre er vrøvl fordi fisken manglar den såkalla neocortexen som desse meiner er naudsynt for at det skal kunne kjennast smerte, hev det oppstått ein internasjonal trend som hev sett fiskeetikk på dagsordenen; Forbrukarane krev at oppdrett og slakting av fisk skal gå føre seg så smertefritt som mogleg for fisken.

Fleire ekspertar meiner fisken hev krav på betre handsaming som fylgje av den nye forskinga, noko Grøn ungdom er samde i. Me meiner fisk no må reknast som fullverdige dyr, og dimed behandlast etter dyrevernlova. Sjølv om lova er uklår, er det tydeleg at dagens oppdrettsmetodar er ulovlege; "Det skal farast vel med dyr og takast omsyn til instinkt og naturlig trong hjå dyret," heiter det. I dag må fisken symje omkring i tronge merdar, og minst ein femdel av dyra får synlege skadar av å leve så trongt. Sportsfiske er òg etisk uforsvarleg fordi fisken vert sleppt ut i vatnet etter at han hev vorte fanga på krok. Om fisken kjenner smerte på same måte som pattedyra, kan dette samanliknast med å skadeskyte dyr, noko dei fleste er samde i at ikkje kan tolererast.

Mange trur no at produsentar som nektar å etterfylgje forbrukarane sitt krav om betre forhold for fisken, kjem til å li økonomisk. Mykje tyder difor på at me står framfor store endringar i handsaminga av fisk og andre sjødyr. Grøn Ungdom vonar fiskerinæringa omsteller drifta innan kort til, utan protestar.
Aktuell lenke:
Les merStavanger Grønn Ungdom

Opp

Grønn Ungdom
ARTIKLER
Over 100 i demonstrasjon mot pels
Grønn Ungdom faster for fred
Fiskeetikk på dagsordenen
Støtte til "Steng Løken Gård"-kampanjen
Look to Sweden, Sponheim!
Grønn Ungdom endrer struktur
Ja til demonstrasjon for avkriminalisering !
Ny talsperson i Grønn Ungdom
Boikott amerikanske oljeselskaper!


Til Forsiden   Gaianett.no